Pedagogisk plattform for Åmli skule

Åmli skule skal vere ein skule der alle opplever ei  heilskapleg
utvikling - intellektuelt, psykisk, sosialt og fysisk.

 

  • Tryggleik og trivsel er avgjerande for god læring, og skulen vil arbeide aktivt for at alle trivst godt og er trygge på skulen. Elevane skal høyre til ei gruppe knytt til det alderstrinnet dei tilhøyrer. Skulen vil ha nulltoleranse for mobbing.
  • Det er lov å vere forskjellig. Alle elevane skal oppleve meistring, motivasjon og annerkjenning gjennom tilrettelagt, tilpassa og differensiert undervisning.
  • Elevane skal kjenne til læreplanmåla og få grunnleggjande kunnskap i sentrale fagområde og få moglegheit til fagleg fordjuping.
  • Elevane skal få utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og få rom til å vere kreative.
  • Elevane skal opparbeide evna til å gi og motta konstruktiv kritikk. Dei skal øvast i å snakke/opptre framføre ei gruppe. Dei skal også oppøve evna til å kunne vurdere si eiga utvikling.
  • Skulen legg vekt på fysisk fostring og uteaktivitet.
  • Lærarane skal vere fagleg dyktige og engasjerte i faga sine. Dei skal rettleie elevane til kunnskap og skape eit motiverande og inspirerande læringsmiljø.
  • Alle i skulesamfunnet skal møte kvarandre med ei annerkjennande haldning. Åtferda til lærarane skal vere slik vi ønskjer elevane skal vere mot kvarandre.
  • Lærarane, elevane, foreldra og leiinga skal samarbeide med kvarandre om å skape ein best mogleg skule.
  • Skulen vil at elevar og foreldre/føresette skal uttale seg og bli høyrt i saker som gjeld skulen.

 

Tilbake til startsida